Tilbake

Lovverk, planar og rutinar

Det finns ei rekkje lovar, forskrifter og nasjonale retningslinjer som regulerer og legg føringar for Stad kommune sitt tenestetilbod for barn og unge. Staten peikar også på satsingsområde og kjem med råd og rettleiing på korleis kommunane kan løyse dei utfordringane som ein møter på. Dette gjeld også samhandling mellom sektorar, tenester, faggrupper og mellom tenesteytar og tenestemottakar.

Nasjonale retningslinjer, stortingsmeldingar og andre dokument som legg føringar for den lokale innsatsen innanfor oppvekst

Ei forskrift er ei rettsleg bindande regulering som må ha heimel i lov.

Ein rettleiarar omtalar og beskriv eit fagområde på eit generelt og overordna nivå. Ein rettleiar kan innehalda ei eller fleire retningslinjer for handtering av spesifikk problematikk innan eit fagområde.

Eit rundskriv er orientering frå departementet om korleis ein skal tolke lovar og forskrifter.

Kommunale planar for barn og unge

Kommunale styringsdokument som legg føringar for kommunen sine tenester. Kommunen sine planar vert basert på regionale og lokale forhold, men vert styrt av statlege føringar.

Budsjett og økonomiplan inneheld kommunen sitt årsbudsjett og økonomiplan, samt måla kommunen skal arbeida mot over ein fireårsperiode.

  • Kommuneplan sin samfunnsdel
  • Kommunedelplan for Oppvekst – under arbeid
  • Kommunedelplan for Helse- og omsorg – under arbeid
  • Rusmiddelpolitisk handlingsplan
  • Overgangsplan barnehage/skule
  • 7-milssteget
  • Økonomiplan
  • Kriseplan i Compilo
  • Plan for folkehelsearbeid
  • TIBIR, PMTO – er i kartleggingsfasen på om ein skal starte opp
  • Mobbeplan
  • Overordna beredskapsplan for Stad kommune
  • Handlingsplan mot vold i nære relasjonar
  • Plan for habilitering og rehabilitering

Organisasjonsutvikling/kompetanseheving

Kommunestyret i Stad kommune vedtok 06.05.2021 ein samla kompetanse- og rekrutteringsplan for Stad kommune 2021-2024, for å styrke arbeidet med å rekruttere og halde på tilsatte med gode kvalifikasjonar i heile kommuneorganisasjonen. Hovudstrategiane i planen er formulert slik:

  • vi deltek i regionalt samarbeid om utdanning og rekruttering
  • vi er ein attraktiv arbeidsplass
  • vi legg til rette for innovasjon, utvikling og læring i organisasjonen
  • vi er ei god lærebedrift

Kommunestyret vedtok også å styrke innsatsen for bustadetablering for å gjere det lettare for dei som vil ha jobb i Stad kommune å kunne flytte til kommunen.

Planen ligg ute på kommunen si postliste, søk på kompetanse- og rekrutteringsplan under innsyn – søk etter dokument

Gjennom å utarbeide og vedta strategiske planar, set Stad kommune retning for utvikling av kommunen og kommunen sine tenester både på kort og lang sikt. Innbyggarar og andre aktørar blir invitert til å medverke i planarbeidet og sette mål for utviklinga. Kommunale planar er styrt av plan- og bygningslova sine reglar om høyring og offentleg ettersyn.

Kommuneplanen sin samfunnsdel

Vedteken av Stad kommunestyre 10. sep. 2020

Kommuneplanen er kommunen sin overordna styringsverktøy og inneheld to delar; ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen legg føringar for samfunnsutvikling og tenester. Stad kommune har i 2020 utarbeidd ein samla samfunnsdel for den nye kommunen.