Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som en likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon og at alle partar er opne og lyttar til kvarandre.
Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal kome fram til den beste hjelpa og støtta ein brukar treng:
- Å bli tekne på alvor
- Å bli behandla med respekt
- Å føle tillit og tryggleik
- Å få hjelp når behovet er der
- Å få anerkjenning, bli høyrt på og validert
Ein sikrar brukarmedverknad systematisk på følgjande måte i Stad kommune:
- BTI-handlingsrettleiar (legge inn link): Stad kommune har ein digital handlingrettleiar med verktøy som tilsette i kommunen skal nytte når ein jobbar med barn og unge ein har ei bekymring eller uro for. Målet med handlingsrettleiaren er å kunne gje rett hjelp til rett tid, sikre tidleg foreldreinvolvering og at barnet si stemme alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.
- Utviklingssamtale
- Elevsamtale
- Helsesamtale
- Foreldresamtale i barnehagen
- Klassens time
- Stafettloggmøte
- Ansvarsgruppemøte
- Samarbeidsmøte
- Tilbakemeldingsknapp i handlingsrettleiaren