Risikoutsette barn og unge skal identifiserast så tidleg som mogleg. Ein skal setje i gong tiltak med ein gong det er behov for det, og ein skal syte for ei systematisk og langsiktig oppfølging så lenge det er behov for det.

Formålet med tidleg innsats er å kunne forebygge utvikling av utfordringar kring samspel og åtferd, psykisk helseproblematikk, skule-dropout, unge uføre, rusmiddelmisbruk og andre formar for utanforskap.

«Barn i Stad får ein trygg og tilpassa oppvekst. Barn skal oppleve eit mangfaldig og inkluderande fellesskap, og få nytte og utvikle evnene sine.» (KDP-Oppvekst)

Stad kommune har ein digital handlingsrettleiar (BTI) med tilhøyrande verktøy som tilsette skal nytte når ein jobbar med barn og unge det er knytt ei bekymring eller ei uro for.

Formålet med ein digital handlingsrettleiar er at alt ein treng i oppfølgingsarbeidet er samla på ein plass, og det går tydeleg fram korleis ein skal jobbe systematisk i prosessen.

Avvergingsplikt

Samfunnet vårt er avhengig av at vi bryr oss og tar vare på kvarandre. Derfor har alle i Norge avvergingsplikt. Vi har alle plikt etter straffelova til å avverje alvorlege lovbrot som drap, valdtekt, vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep mot barn. Om det ikkje er trygt for deg å gripe inn har du likevel plikt til å varsle politiet.

Husk at avvergingsplikt  alltid går framfor teieplikta!

Les meir om meldeplikt på plikt.no