Tilbake

Brukermedverknad

Brukarmedverknad inneber at brukaren blir sett på som en likeverdig part i samtalar og avgjersler som gjeld hans eller hennar utfordring. Det viktigaste i møtet er god kommunikasjon og at alle partar er opne og lyttar til kvarandre.

Når brukaren treng hjelp til å meistre kvardagen er det nokon få, men viktige element å hugse på for at hjelpar og brukar saman skal kome fram til den beste hjelpa og støtta ein brukar treng:

  • Å bli tekne på alvor
  • Å bli behandla med respekt
  • Å føle tillit og tryggleik
  • Å få hjelp når behovet er der
  • Å få anerkjenning, bli høyrt på og validert

Ein sikrar brukarmedverknad systematisk på følgjande måte i Stad kommune:

  • BTI-handlingsrettleiar (legge inn link): Stad kommune har ein digital handlingrettleiar med verktøy som tilsette i kommunen skal nytte når ein jobbar med barn og unge ein har ei bekymring eller uro for. Målet med handlingsrettleiaren er å kunne gje rett hjelp til rett tid, sikre tidleg foreldreinvolvering og at barnet si stemme alltid skal følgje prosessen kring seg sjølv.
  • Utviklingssamtale
  • Elevsamtale
  • Helsesamtale
  • Foreldresamtale i barnehagen
  • Klassens time
  • Stafettloggmøte
  • Ansvarsgruppemøte
  • Samarbeidsmøte
  • Tilbakemeldingsknapp i handlingsrettleiaren