Tilbake

Samhandling

Samhandling på individnivå inneberer at tenesta og familien samarbeider og tilbodet tilpassast barnet og familien ut frå deira behov. Barnet, familien og tenesta som er involvert deltar aktivt i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak. Unntak ved vald og overgrep: då kontaktar tenester barnevernet direkte.

I arbeid med barn og unge er samhandling og brukarmedverknad ein naturlig del av utforminga av det enkelte tilbodet.

Korleis barn kommuniserer at dei har det vanskeleg vil variere frå barn til barn. Ei liste over signal vil difor aldri kunne vere fullstendig og signala må sjåast i forhold til barnet sin alder og situasjon.

Hjelpemiddel til samtale og observasjon:

BTI

BTI er ein samhandlingsmodell for tenester som møter gravide, barn, unge og foreldre det er knytta undring eller bekymring til. Hensikta med BTI-modellen er å kvalitetssikre ein heilskapleg og koordinert innsats, utan at det blir brot i oppfølginga. BTI bidrar til tidleg innsats, samordning og medverknad. BTI-modellen beskriv arbeidsprosessar og samhandling mellom tenestene, og viser veg frå bekymring til handling.

Samtykke

  • Ungdommar mellom 16 og 18 år har rett til å samtykke sjølv
  • Meiningar til barn og ungdom mellom 12 og 16 år skal vektleggast i saker som angår dei sjølve
  • Eit barn som har fylt 7 år, og yngre barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal få informasjon og anledning til å seie meininga sin før det blir tatt avgjersle om personlege forhold for barnet. Meninga til barnet skal bli vektlagt etter alder og modning.

Stad kommune viser til lovverket i høve til samtykkekompetanse. Den er omtala i blant anna i overordna lover som FNs barnekonvensjon og grunnlova. Og er meir spesifisert i barnevernstenestelova,  barnelova, opplæringslova og pasient- og brukarrettighetslova.

Stafettlogg

Stad kommune skal implementere stafettlogg for å sikre dokumentasjon, samarbeid og medverknad på individnivå.  Stafettloggen er ein elektronisk loggbok for born og unge, der informasjon om alle iverksette hjelpetiltak og involverte personar er samla på ein stad. Foreldre/føresette må alltid godkjenne at det blir oppretta ein stafettlogg. Barn, unge og foreldre har tilgang til loggen og kan til ein kvar tid halde seg oppdatert på informasjonen. Det er føresette til barnet, og/eller barnet sjølv som styrer kven som får samtykke til innsyn og lesetilgang i loggen.

Utviklingssamtalar på skulen

Foreldra har minst to gonger i året rett til ein planlagd og strukturert samtale med kontaktlæraren. Samtalen skal klargjere korleis eleven, skulen og foreldra skal samarbeide for å leggje til rette for læringa og utviklinga til eleven.
Eleven kan vere med i samtalen med foreldra. Når eleven har fylt 12 år, har han eller ho rett til å vere med i samtalen.

Foreldresamtalar

Foreldre får tilbod om foreldresamtalar haust og vår i barnehagen. Her vert det utveksla informasjon om barnets trivsel og utvikling. Barnehagen ynskjer å sjå på det pedagogiske innhaldet, samarbeidet og informasjonsutvekslinga.